Medisinernes Seksualopplysning (MSO) er ein organisasjon tilknytta
medisinstudia ved universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.
Organisasjonen er stifta av medisinstudentar og får økonomisk stønad
frå Sosial- og helsedirektoratet.
MSO Tromsø arrangerer seminar eller små foredrag eit par gonger i halvåret. Desse seminara er meint for MSO-medlemmar, både undervisarar og andre som er interesserte. Seminara omhandlar tema vi kjem borti når vi underviser, men også andre seksuelle problemstillingar og finurlegheiter det er kjekt å vite om som kommande helsearbeidar.
Stikkord: Undervisning, triggere, badstue, flinke kokker, morro osv!


Vi håpar så mange som muleg vil komme å høre Janne Flittig Jacobsen fortelje om overgrep. Ho kjem med eigne erfaringar, og det blir lagt særleg vekt på rolla til legar/helsepersonell i forhold til å oppdage og reagere på mistanke om slike overgrep. Tidspunkt for foredrag kjem seinare. Mat blir servert, og foredraget varar i ca 3 timar inkl. lunsj. Meld deg på med namn og kull her.
”Psykisk utviklingshemmede og seksualitet ”av Bernt Barstad
”Incest” av Støttesenteret for incest i Tromsø
”BDSM” av Smil Norge
”Rus og sex” av Henrik Trønsdal
”Undervisning av fremmedkulturelle, og undervisning med tolk” av MSO Bergen